Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Generell studiekompetanse gjev grunnlag for opptak til dei fleste studiar. For utdanningar som t.d. lege, tannlege, veterinær eller ingeniør er det krav om fordjuping i matematikk og andre realfag. Dette kallar vi spesiell studiekompetanse. Les meir om generell studiekompetanse og spesielle krav her.
Utdanningsprogram for studiespesialisering passar godt for deg som trivst med teoretiske fag og har planar om videre utdanning på universitet eller høgskule. Studiespesialisering legg eit solid grunnlaget for vidare studiar på universitet og høgskule, både i Noreg og i utlandet.
Tertnes kan tilby dei aller fleste fag og kombinasjonar på studiespesialiserande programområde. Dette betyr at du som elev kan velje mellom mange fag slik at du kan fordjupe deg i fagområde som du er interessert i - enten du likar språk, samfunnsfag, økonomi eller ulike realfag.